Søskenseng?
Er det nokon som har erfaring med søskenseng?
Altso kun søsken i senga....
Me ser for oss at dette kan vera noko her. Pappen søv ikkje so godt med ein unge heilt oppi seg, men det virkar som om storebror har behov for ekstra kontakt på natta. So då lurar me på om dei kan gje tryggleik til kvarandre. Veslebror er framleis kun 8,5 månad og vaknar mykje på natta for kos og pupp. Ser for meg at me ventar til han søv betre iallfall, men usikker på kor stor han bør vera før me prøver.
Kor gamal var minstemann då de byrja? Kor stor aldersskilnad, kor stor seng etc..
__________________
Mamma til store-S (aug 07) og vesle-S (mar-09)
|